Trio - Follese

Trio vann 5-0 mot Follese på Kvednabekkjen laurdag

Dei fyrste 20 minutta av kampen gjer kanskje Trio årsbeste i høgt press. Fyrste og andre forsvarar jobben vert gjort av samtlege, samstundes som at fyrste og andre ballane vert kjempa om med nebb og klør. Det kostar krefter, men det skapte resultat! Fyrste scoringa kjem etter omlag 10 minutt, då Espen kjem seg igjennom, keeper gir retur som ein vaken Alkan set kontant i mål. 1-0!

2-0 kjem etter eit av mange brudd på midten. Mats kjem seg igjennom på venstre kanten, og spelar til Håvard som kan runda keeper og setta ballen i mål. 2-0!

3-0 kjem etter corner. Endre Eide trur han har styrke og spensten til Jan Koller, og jammen hadde han ikkje det. Han stig til værs på corner og header ballen vakkert i næraste hjørne. ' Eg er nøgd med den ', kunne Endre ' Koller ' seie i garderoben etterpå.

4-0 er ei scoring me er usikre på om skal kreditterast ein assist. Andreas kastar opp mot Håvard frå midtstreken som let ballen gå forbi ein bauta av ein Follese forsvarar. Underteikna takka for følget, og tek ballen med seg inn i sekstenmeteren, før han vert kakka i leggen og får ein dytt i ryggen. Straffe! Den vert sete i mål til venstre for keeper.

5-0 er ei lita perle. Lars Johan kjem i sitt sedvanlege driv i mellomrommet til Follese. Roger R er kome innpå og ropar ' JAAAA '! Han får ballen i medløp, kjem seg framfor forsvararen med styrke og balanse og avsluttar med ein markkrypar i næraste hjørnet. Åsmund Voster kom med ein rask kommentar av samarbeidet likna på Podolski-Cazorla.

Resten av kampen vert ein parademarsj som Trio tek rolig og spelar ball.

Alle spelarane var gode i dag, spesielt den fyrste delen av 1.omgong. Me held avtalane om press og duellar. Sjølv om det enno er ting å hente i alle ledd, må me ta med oss at dette var eit STORT steg i riktig retning, med tanke på dei to siste kampane. No er det Odda(B) og Vadmyra(H) som står for tur! Heia Trio :)

Artikkelen er hentet fra: http://il-trio.no/no/nyheter/3501/

Siste videoer fra Lokalfotball

Tippeligaen