Trio - NHH

4.divisjon: Trio-NHH 5-2. A-laget tok ein kontrollert siger heime mot NHH-studentane laurdag. Ingen stor kamp, men mot ordinær motstand var det meir enn godt nok.

 

Trio gjekk rett i føring då Allkan Abdulla var sikker åleine med keeper. Men då heimelaget kludra det til i forsvar, utlikna NHH i tomt mål ti minutt seinare. Det skulle likevel igjen berre ta to minutt før Trio leia på nytt. Denne gong sprang Håvard Haga gjennom i midten og scora. Mats Paulsen la på til 3-1 midt i omgangen, og 3-1 sto seg til pause. Trio hadde god kontroll på motstandaren, som sjeldan bydde på noko framover på banen.

Ronny Hamre nikka inn eit frispark frå Eindre Eide halvtimen ut i andre omgang, etter at bortelaget hadde yppa seg ein del i starten. Reduseringa kom kort etter, men spanande klarte ikkje NHH å gjere det. I den grad det var trong for å punktere kampen, så gjorde Trio det på vakkert vis. Innbyttar Nils Olav Hauge spelte opp til Lars Johan Myklebust, som vegga seg lett gjennom med Allkan Abdulla og serverte tilbake til Abdulla på tomt mål. Dermed ein grei siger, utan at trenar Eivind Nissestad synest spelet var i nærleiken av det laget kan på gode dagar.

Neste helg er det tøffare motstand, bortetur til Hovding.
 

Kampfakta frå Husnes stadion

4.divisjon: Trio-NHH 5-2 (3-1)

1-0 (2.minutt) Allkan Abdulla

1-1 (12.minutt) Harald Haltvik

2-1 (14.minutt) Håvard Haga

3-1 (24.minutt) Mats Paulsen

4-1 (74.minutt) Ronny Hamre

4-2 (76.minutt) Peer Lea

5-2 (83.minutt) Allkan Abdulla

Tilskodarar: 70 betalande.

Dommartrio: Ole Christian Sørli (Solid), Tommy Kvarsvik (Odda), Steinar Sæther (Odda).

Gult kort: Åsmund Voster og Endre Eide (Trio), Erlend Osland og Håkon Langdalen (NHH).

Trio sitt lag:

Andreas Eide, Henrik L. Røssland, Ronny Hamre, Åsmund Voster, Lars Johan Myklebust, Christer Olderkjær (Andreas Røyrvik frå 70.minutt), Endre Eide, Espen Tufta Saghaug, Mats Paulsen, Håvard Haga (Nils Olav Hauge frå 79.minutt), Allkan Abdulla.

NHH sitt lag:

Kristian Ytreland, Andreas Møll (Peer Lea frå 64.minutt), Mats Ruud, Erlend Osland, Eirik Tveit, Magnus Haugstad, Gjermund Lien, Harald Haltvik, Håkon Langdalen, Joakim Pedersen, Håkon Evensen.

 

Hentet fra http://www.il-trio.no/no/nyheter/3451/

Siste videoer fra Lokalfotball

Tippeligaen